mandag 31. mars 2008

Quilting av tepper

Eg tar oppdrag med quilting av tepper kr.500.- db,sengeteppe når eg får leverere vatt og bakstykke. Kr.300.- enkelt same betingelse.Ta kontakt er ledig for oppdrag no 57861395

torsdag 27. mars 2008

Diamant


Koden er knekt ,lett som berre det å sy
Posted by Picasa

torsdag 20. mars 2008

Disa Designs


Den Islanske designaren Disa er ganske rett på og enkel i sin design.Ho har laga mykje fint og merir blir det nok.Me gleder oss til nye ting frå ho

Ferdig kutta

Her får du Japanske stoff ferdig kutta i heile breidda klare til bruk i t.d.Diamant.Sy saman m/smal stripe stoff mellom og kutt i 45gr.vinkel(ps.kor er gr.som symbol?)

SILKE



Silke er ein av favorittane mine blir veldig glad hvis eg kan få putta litt silke inn i quiltane mine.Grått og gult ligg liksom i tida så det blir ein utfordring

Ubestemmelig farge

Likar veldig godt desse mønsterne på stoffa....det skal bli kjekt å ta alle dei nye stoffa med på Quiltetreffet på Stårheim 30 mars.Der vil eg og demonstrera Paint Stick.Alle som handlar for over 350.- den dagen får ei gave.........

Lys Lilla

Nesten alle likar ruter og prikkar.Kanskje det er noko heimakoseleg med det...

Hummer og Kanari


Gode sterke fargar trur AnnaKa har brukt nokre av dei på eit av kursa sine.

tirsdag 18. mars 2008

Frå Klematisbok

Enkel teknikk fleire framgangsmåtar,har sett den i Quiltemagasinet også

Blå høner

Sydde denne for mange år sida

Veeeeldig gul

Dette er ganske så knalt men den kan bli fin til kvite veggar og interiør.......

Japanske stoff i rull

Desse Japanske rullane kostar berre 150.- pr.rull.Gratis mønster følger med til kvar rull.Ta turen innom eller ring og bestill.........

Nancy Halvorsen

Endå ein kasse full av dei lekkraste stoff .Har ikkje tidlegare hatt stoff inne frå denne dama,men eg kjenner namnet i Quiltesamanheng.Ja håper mange skal på Quiltetreff på Nordfjordeid 30 mars

Nancy Halvorsen

Desse yndige småmønstra stoffa er veldig tiltalande med godt avstemte fargar.Dei passar inn aleine med andre, eller med fleire av denne typen. Ein må alltid ha slike stoff liggande.

torsdag 13. mars 2008

Klematis


Alltid kvalitet over dei Danske bøkene.Ny forsyning idag av både nyare og eldre ...........Noas Ark er den boka med ANDA som du ser i eit tidlegare innlegg ,den med lappen "KJEM SNART eller ER I HAGEN"

Den blå timen

Det har vore travelt å mala og flytta ,mala og flytta..........men no har eg fått til mykje synest eg.Midt oppi malinga kom det nye varer frå både Miljøgården og Claire.Lisbeth Dahl sine varer kom også ,så no må Du også komma.....



Posted by Picasa

onsdag 12. mars 2008

Bretteteknikk

Var på kurs i helga og lærte forskjellige bretteteknikkar.Det var artig å testa ut i fargar og mønstra stoff. Her opnar det seg mange mulighetar for vidare bruk

Ouiltetreff (Regionstreff) Nordfjord Lappe og Quilteklubb

Klikk på bildet for større tekst .Alle som vil kan ta turen til treffet som er på Stårheim Skule. 1 mil utafor Eid mot Måløy.

søndag 9. mars 2008

Rosa



Ein god stabel med Lucien stoff ,ganske anvendlige stoff,i mjuke harmoniske fargar.

Voksduk



Svart og kvitmønstra voksduk ,tøft mønster.Det andre stoffet er i bomull med ekstra breidde 1.5m...Fin til vesker /bager

Utan å søla....



Så er kroken med vinduene ferdigmala grått og gult, er kult ......eller......

FØR

Snart ferdig



Bargelloen er nesten ferdig ..........Gløymde å snu han .....joda eg kan det no........Trur eg skal fella inn heile bitar for full lengde

torsdag 6. mars 2008

Kurs Lappeteknikk


Kurs Lappeteknikkk :Det vert kurs på Eid /Stårheim desse datoane:27 og 31 Mars
3-7-10-14-17 April Kurset startar kl1900 -22oo og koster kr.150.- pr.kveld.Det er mange forskjellige teknikkar å velga blandt.Du må gå minimum på 3 av desse kveldane ellers kan du velga fritt på datoane.Ta kontakt med Ingun tlf. 57861395 el.57862502

tirsdag 4. mars 2008

Mykje arbeid


Strikkebok

Har tatt vare på desse strikkbøkene ,det er artig å sjå kor lite mønsterne har forandra seg.

Med påklistra fioler


Syskrin



Eg var så heldig å arva syskrinet til mor mi for 35 år sidan,det er meg kjært på mange måtar.Av og til tar eg ein titt oppi det......Det er ikkje så mange fine ting der men det er ikkje det som betyr noko.

lørdag 1. mars 2008

Bargello

Denne bargelloen har Aud sydd etter mønster frå Kamelon Quilt ,det er då Eldrid Røyset Førde,ho kallar mønsteret for Nordlys,eg har mønsteret i butikken.
Posted by Picasa

PRIMULA

PRIMULA DESIGN

PRIMULA DESIGN

PRIMULA DESIGN
VELKOMEN

PRIMULA


Åpningstider:10.00-16.30(10.00-15.00)
Ta ein tur innom for ein hyggelig quilte prat.