mandag 28. januar 2008

Paintsticks



Brikkemønster frå AnnaKa 4 modellar sydd applikert og mala m/sjablong i paintstick ,oljemaling.Eg sel alt dette i butikken min.Oljefargar penslar sjabloner stoff og mønsterKom innom eller ring 57861395 ny e-post adresse :ingun.vaksdal@epost.no

Japan



Bilde frå Messa ,til venstre løpar og veske frå Bente Malm.Så AnnaKa sin Tante Mia løper i lekre japanske stoff

Vitaminer



Appelsin og kiwi blanda i miksaren er ei herlig drikke,full av gode vitaminer......slurp slurp

Seminole



Seminole sydd på kurs med Bente Vold Clausen for mange år sidan.Likar godt denne teknikken og vil gjerne sy meir av den .Dette er ein teknikk som tåler at det blir brukt mange fargar

Fuglekasser


Det er ikkje tvil om at det framleis er .vinter.I helga var eg på messe i Oslo.Mykje fint å sjå....Nokre nyheiter på lappefronten var det og....Bilder og informasjon om dette vil koma...Mellom anna kjøpte eg inn mange fine fuglehus,hus m/veranda ,kyrkje o.a.

fredag 18. januar 2008

Kveld



Litt vinterleg er det framleis i dette biletet.

Kosekrok



Jula er fullstendig ute .Her er det gjort klart til å dyrka hobbyane våre.Alt av saker og ting har fått plass framme ,så det er lett å sjå ka som finst......

Eg har omsider sett igang å sy på ein stichery modell hmmmm...Skal verkeleg stinga slynga seg?Skal ta bilete av vidunderet og blogga det inn.

Kan henda det blir betre etter kvart.

Epletrær



Skal sy løpar til spisestuebordet mitt.Valgte eit mønster frå Klematisbok,som eg lenge har hatt lyst til å sy.Boka heiter: Jeg meg en bondegaard quilte vil,trur eg,har den i butikken.Skal laga 3 slike sett med 4 trær i kvar ,trur det skal bli fint.

Påske

Her har eg rota fram litt saker og ting

rundt mi Bernina symaskin Klikk på

biletet for detaljer

Hus



Firkanta duk etter mønster frå AnnaKa.Den er

ikkje ferdig før hus også er applikert på dei 3

andre sidene +blomster i alle hjørnene.Den skal

bli riktig søt.8 NYE stoff ligg på duken .Ein serie

som er bl.a.brukt i denne duken og brikke

m/kråke på ski

søndag 13. januar 2008

Fuglehus



Og så er det innersida riktig så fin spør du meg.....Tok nokre prøvelappar som låg frå før og nokre nye lappar og sydde saman.Her er mange..........rom....i 3etasjer......så fyller eg opp denne veska så blir det ikkje lett å lyfta ho.Kanskje skulle eg montert ho på eit skateboard......

Ekorn


Dette er baksida av veska.Litt bra og litt mindre bra ,men gøy

Utstyrsveke



Her er framsida på utstyrsveska mi.Veska starta på eit kurs i klubben med Solfrid.Tenkte eg skulle ha mykje dill og dall både inni og utanpå veska .Riktig eit puslespel som var kjekt å halda på med.No manglar berre lukkekanten her på framsida og reimer så er den ferdig

Frå mine venner


Som den eldste i klubben for 20 år sidan var eg den som var ferdig med fødslar/born og slikt.Alle dei andre fekk fine tepper og slikt til sine nyfødde og eg blei surare og surare.Dette gjekk ikkje dei andre forbi så då eg runda 40 hadde dei overraskelsen klar.Dette teppet fortel historia om meg ,eg nikka gjennkjennande til alle blokkene bortsett frå den fyrste.Eit Esel til meg som ikkje likar hestar? Jau , men du er jo sta som eit Esel då fekk eg til svar hmmmmmmm

Duk

Sjå berre her kor duken har dobbla seg og vel så det.....Her er ca.40 forskjellige julestoff...så riktig ein historiefortellar er det.No manglar eg ca.200 ruter så er eg i mål.Syr samtidig saman julestoff til for/bakside,kanskje kan den brukast på begge sidene.Har enno mange.....................
julestoff som skal få væra med

Bargello



Denne Bargelloen er teikna og planlagt med farger, på eit kurs med Eldrid Røyset Førde.

Kan henda det er ei stund sida .....No er eg gira til å gjera litt meir....så får me sjå kortid den er ferdig og om det dukkar opp nokre artige detaljer

lørdag 5. januar 2008

AnnaKa



Har fått inn møster På Ski designa av AnnaKa
Hadde ein del gode lyse stoff som passa bra.Tenkte å bruka den blå m/stjerner til lukkekant.Artige figurar dette her.Størelsen er
ca 46/50cm.

Nytt år


1ste nyårsdag over Vikafjellet.Eg er ikkje spesielt interesert i fotografering ,likar best å lagre bildene i hovudet,men etter kvart ser nødvendigheta av å kunne knipse litt, så vert det kanskje betre etter kvart.Det er artig å vera undervegs......

Jul



Her har eg brukt ein del Hoffmann-stoff ,og eit mønster frå folder : I tråd med tiden ,som var for nokre år sidan.Dinner for two .

PRIMULA

PRIMULA DESIGN

PRIMULA DESIGN

PRIMULA DESIGN
VELKOMEN

PRIMULA


Åpningstider:10.00-16.30(10.00-15.00)
Ta ein tur innom for ein hyggelig quilte prat.