onsdag 23. april 2008

Til Seters

Her er eit motiv som eg lova å leita fram,det var ikkje heilt som eg hugsar det men kanskje det fell i smak

Hengekøye

Her er det berre til å slenga seg oppi........masse puter passer bra .....desse er jo ekstra fine...ikkje sant.....

Bokollektiv

Lady birds are welcome.....Ja her er det berre til å flytte inn

Nytt hus

Fuglane er tidleg ute og leitar etter eneboliger her er nokre fine eksemplarer

Lisbeth Dahl

Litt lekkert snadder i hyllene.Fine gaver til konfirmanten

onsdag 16. april 2008

Striper...

Nr.2 og 3 frå venstre er vel typiske stoff for vesker .Det til venstre er eit morsomt motivstoff
Skal ta fleire og bedre bileder i morgon med nylada batteri Ha ein strålande vårkveld

Retro

Både desse stoffa og dei forrige er fine til sommarlege vesker skal sy ein modell i morgon.Det andre bilete viser stoffa AnnaKa har brukt i posene med vindu

Pastell/gråblått

Nye stoff i dag dårleg bilete men kom og sjå dei ,dei er lekre

Nye vakre ting


Har verkeleg fått rydda heilt til bunns i saker og ting avdelinga vart heldigvis ferdig til å ta imot 2 sendiger med nye varer,Er verkeleg fornøgd med dei nye varene berre utsøkte ting.Skulle ta bilete men så var det slutt på batteriet,derfor denne dunkle belysninga

mandag 14. april 2008

Ein luring

Ser du godt etter så finst der knopper av ein macropetala clematis nede mellom bladene.Bladene tilhøyrer ein annan plante,veit ikkje kven,navnet til klematisen stod på lappen

Fioler`/Stemorsblomster

Her er det ikkje så mykje som har kome opp enno ,men det er like før......Har kjøpt årets fyrste stemoder/gule dei tåler frost og står nesten til jul....Likar best dei orange men dei er ikkje kome

Tidleg vår

t Dei søte steinbedstulipanane er nye og svært tidlege her på våre kantar. Det er jo sånn på desse tider at eg går rundt med "lupe" både morgon og kveld for å sjå etter liv og det er det jo, du verden kor spanande det er kvar vår.Litt nytt og uventa dukkar det nok også opp,så her må det følgast med.

torsdag 10. april 2008

På fortauet

Det er ikkje tvil våren er i anmarsj.Her er det kome klatrestativ til plantane og hus til fuglane korger til mor og til og med eit lite hus til marihønene

Variant

"Rosa løper" i ny utgave Brukt Japanske stoff Licien og andre ,riktig så fin blei den

Lovises veske

AnnaKa sitt siste veskemønster Her er brukt omvendt applikasjon eller nedsenka som eg likar å seia Har tenkt på denne teknikken sida eg såg modellen av ein løpar i ei bok.Har testa ut forskjellige måtar å sy den på og funne ut at for min del er det best med den måte som er brukt i veska

Puslerier

Endå ei Klematisbok,det er ei stund sida eg har hatt den inne men no er den her....Puslerier for den som likar det

Bente Birk

Måtte berre sy denne greia for å finna ut om det var same teknikken som i Bente Birk si bok.Det var det same kuttinga ,var nesten ferdig før eg forstod at her må ein kutta etter linjal og med lik avstand og færre kuttingar så blei den slik eg ville ha den.

onsdag 9. april 2008

Coverence

Såg eit bilde av eit artig veggteppe hjå ei vennine ,ho hadde henta det ut frå ein blogg.Eg lurte på korleis det var sydd,syntest egentlig det var noko kjent med det.Så hadde eg allerede sydd eit liknande teppe til jul i 2006,ikkje heilt ferdig,i frå ei Klematisbok av Bente Birk.

Frosker

Denne boka er ikkje heilt ny ,eg trudde det var berre dukker i ho og tok ikkje inn,men så viser det seg at boka er full av artige saker og ting til dei minste ei bok å anbefala

Aprikos

Var veldig forundra når aprikosteet som framleis står i potte ,kjøpt i fjor,hadde denne samlinga av blomsterknopper.Skal eg håpa på aprikossyltetøy...........me får sjå.....

I knop

Eg gler meg kvar einaste dag til å gå ut i hagen og sjå når plantane tøyer og strekker seg mot våren

lørdag 5. april 2008

Andre Wallenborg

Veskekurs med Andre`Wallenborg i Juni 2008.Du kan melde deg på til Primula Design 57861395.Det vert også Bernina kurs i Juni .Her får du gjennomgang av glidelås-isying og bruk av føtter utstyr m.m

torsdag 3. april 2008

Bente

Mønsteret Bente frå AnnaKa .Her har eg sydd Log Cabin med originalstoffa til Benteløparen.For å sy snorene på løparen har ho lagt oppløsbar plast over Har det også i butikken.

Småblomstrer

Mange herlige duse fargar og mønster her.....

Stichery

Her er eit mønster som er ferdig til overføring direkte på stoff du berre stryk det på.Ganske så søtt mønster.

Yan

Altså enten det eine eller det andre......

Yin

Skjæreteknikk frå Bente Birk si Klematisbok Ho kallar denne Yin

Licien

Enda fleire stoff i serien Licien ,gode å bruka både til blått og svart

Skjarsmin

Er dette blomsterknopp eller blader.....

Tolmod

Har lært å la lauvet ligga...masse næring og vern både mot frost og KATTAR......Perleblomane
har så vidt titta fram.......tulipanane har stått slik lenge.....Så medan eg lastar opp desse bildene tar eg fatt på rekneskapet som snart skal leverast

Blåveis

Har gått runde på runde i hagen og lurt på kvar eg planta blåveisen som tidlegare hadde stått fleire år i potte,så tilfeldigvis der var den planta i ei krukke med Iris,velkomen.......

mandag 31. mars 2008

Quilting av tepper

Eg tar oppdrag med quilting av tepper kr.500.- db,sengeteppe når eg får leverere vatt og bakstykke. Kr.300.- enkelt same betingelse.Ta kontakt er ledig for oppdrag no 57861395

torsdag 27. mars 2008

Diamant


Koden er knekt ,lett som berre det å sy
Posted by Picasa

torsdag 20. mars 2008

Disa Designs


Den Islanske designaren Disa er ganske rett på og enkel i sin design.Ho har laga mykje fint og merir blir det nok.Me gleder oss til nye ting frå ho

Ferdig kutta

Her får du Japanske stoff ferdig kutta i heile breidda klare til bruk i t.d.Diamant.Sy saman m/smal stripe stoff mellom og kutt i 45gr.vinkel(ps.kor er gr.som symbol?)

SILKE



Silke er ein av favorittane mine blir veldig glad hvis eg kan få putta litt silke inn i quiltane mine.Grått og gult ligg liksom i tida så det blir ein utfordring

Ubestemmelig farge

Likar veldig godt desse mønsterne på stoffa....det skal bli kjekt å ta alle dei nye stoffa med på Quiltetreffet på Stårheim 30 mars.Der vil eg og demonstrera Paint Stick.Alle som handlar for over 350.- den dagen får ei gave.........

Lys Lilla

Nesten alle likar ruter og prikkar.Kanskje det er noko heimakoseleg med det...

Hummer og Kanari


Gode sterke fargar trur AnnaKa har brukt nokre av dei på eit av kursa sine.

tirsdag 18. mars 2008

Frå Klematisbok

Enkel teknikk fleire framgangsmåtar,har sett den i Quiltemagasinet også

Blå høner

Sydde denne for mange år sida

Veeeeldig gul

Dette er ganske så knalt men den kan bli fin til kvite veggar og interiør.......

Japanske stoff i rull

Desse Japanske rullane kostar berre 150.- pr.rull.Gratis mønster følger med til kvar rull.Ta turen innom eller ring og bestill.........

Nancy Halvorsen

Endå ein kasse full av dei lekkraste stoff .Har ikkje tidlegare hatt stoff inne frå denne dama,men eg kjenner namnet i Quiltesamanheng.Ja håper mange skal på Quiltetreff på Nordfjordeid 30 mars

Nancy Halvorsen

Desse yndige småmønstra stoffa er veldig tiltalande med godt avstemte fargar.Dei passar inn aleine med andre, eller med fleire av denne typen. Ein må alltid ha slike stoff liggande.

torsdag 13. mars 2008

Klematis


Alltid kvalitet over dei Danske bøkene.Ny forsyning idag av både nyare og eldre ...........Noas Ark er den boka med ANDA som du ser i eit tidlegare innlegg ,den med lappen "KJEM SNART eller ER I HAGEN"

Den blå timen

Det har vore travelt å mala og flytta ,mala og flytta..........men no har eg fått til mykje synest eg.Midt oppi malinga kom det nye varer frå både Miljøgården og Claire.Lisbeth Dahl sine varer kom også ,så no må Du også komma.....

PRIMULA

PRIMULA DESIGN

PRIMULA DESIGN

PRIMULA DESIGN
VELKOMEN

PRIMULA


Åpningstider:10.00-16.30(10.00-15.00)
Ta ein tur innom for ein hyggelig quilte prat.